- Folk har rett til liv
At pastor Bulambo er tildelt Raftoprisen for 2008 er en viktig anerkjennesle av hans arbeid gjennom en årrekke. I Norge har SIK siden 2002 arbeidet nært med Bulambo, og Kåre Lode er den i SIK som har hatt nærmest kontakt med pastoren. Under følger et intervju Lode har gjort med Bulambo om hans arbeid.
Pastor Bulambo Lembelembe Josué, vise-president for Eglise du Christ au Congo (ECC) i provinsen Sør Kivu og leiar av prosjektet for tilbakeføring av væpna grupper med bakgrunn frå Rwanda.
Kvifor har kyrkja blanda seg opp i denne typen problem?
Bulambo: Det er ikkje muleg å akseptera over tid at utanlandske militsgrupper skal plyndra, drepa og valdta. Me kan ikkje akseptera at våre koner, søstre, døtre blir valdtatt. Samfunnet må igjen visa respekt for kvinnene og sørga for at livet blir godt for alle. Det er ikkje akseptabelt at væpna grupper hauster der dei ikkje sådde, medan dei som sådde ikkje får hausta frukta av arbeidet sitt. Utvikling er ikkje muleg under slike tilhøve. Miljøet blir øydelagt avdi desse gruppene ikkje kjenner ansvar på dette området. Me må ta ansvaret for at universelle menneskerettar skal bli ein realitet også i Kongo. Dersom regjeringa hadde kunna garantera fred, så hadde ikkje vår innsats vore nødvendig. Men den kan ikkje det. Kyrkja er blitt stilt overfor ein situasjon med enorm menneskeleg liding. Det internasjonale samfunnet ser ikkje ut til å bry seg. Difor er dette blitt vårt ansvar. Me er nøydde til å gripa inn. Folk har rett til liv.
Er kyrkja betre skikka enn staten eller andre strukturar til å løysa denne typen problem?
På dette tidspunktet i historia er svaret eit klart ja, for heile prosessen bygger på tillit. Kyrkjene har tillit i Kongo avdi me har vore veldig aktive under krigsperiodane med å halda i gang samfunnstenester som skole og helsetilbod og har hatt humanitært hjelpearbeid og andre former for hjelp til dei som har fått liva sine øydelagt.Greier ECC å gjennomføra dette aleine?
Bulambo: ECC har mobilisert eit kyrkjeleg nettverk i Kongo og i nabolanda i aust. Dei arbeider aktivt i å påvirka sine respektive regjeringar til å ta imot dei som vender heim på ein korrekt måte, i samsvar med internasjonal lovgjeving. Etter kvart har ECC også fått til eit nært samarbeid med FN, den kongolesiske regjeringa og med utanlandske ambassadar. I Norge har ECC samarbeidspartnarar i Pinsemenighetenes Ytre Misjon (PYM) og i SIK.
Er det uvant for ei kyrkje å samarbeida med FN-tropper som er dominert av muslimar frå Pakistan?
Bulambo: Nei. Dei er skikkelege folk som det er lett å samarbeida med. Her er både tropper frå Pakistan, Kina, India og Sør-Afrika. Alle tar oss på alvor. Dei stilte helikopter til disposisjon for vår reise til og frå fredskonferansen i Kisangani i mai i år og dei har skaffa transport når ECC har hatt forhandlingsmøte med den militære leiinga av hutumilitsen FDLR. FN har sendt brev for å takka oss for innsatsen og har lykkønska oss med resultata.
Er dette eit prosjekt som er styrt frå toppen eller er lokalmenighetane involverte?
Bulambo: Dei lokale menighetane er aktive, men det er prosjektleiinga som har motivert dei. Informasjon frå grasrota blir sendt til eit sentralt kontor i Bukavu i provinsen Sør Kivu. Kyrkja har eit godt utbygd nettverk både i dei konfliktramma provinsane Sør-Kivu og Nord-Kivu og elles i Aust-Kongo. Prosjektet sender ut folk som hjelper lokale leiarar til å vera aktive i samtalane med dei væpna gruppene. Kommunikasjonen går begge veger.
Er det muleg å sjå for seg at problemet kan bli løyst?
Bulambo: Det meste av avvæpningsarbeidet ligg ennå framfor oss. Det blir veldig mykje arbeid anten dei som blir avvæpna velger å reisa tilbake til Rwanda, eller dei velger å bli flytta til ein annan stad i Kongo der dei kan slå seg ned. Det er mange ting som må klaffa for at dette skal gå slik me håper. Akkurat nå er prosessen inne i ein vanskeleg fase. Men eg trur at dersom me ikkje gjer nokon store feil nå, så kjem me til å nå fram til løysninga.
Kan du seia noko om risikomoment?
Bulambo: RUD og RPR (utbrytargrupper frå FDLR) som nå har sagt ja til å levera inn våpen, har interne spenningar som kan bremsa denne prosessen. Dersom dei som har latt seg avvæpna blir tatt dårleg i mot av dei som har ansvar for å organisera transittleir, kan det stoppa prosessen. Dersom Rwanda tar i mot dei som reiser heim på ein dårleg måte, så vil resten be om å få lov til å bu i Kongo. Det ligg også økonomiske interesser bak konfliktane, og det finst nokre som ikkje har interesse for freden. Dessutan er også det internasjonale samfunnet er delt i synet på strategi for å løysa problemet.
Fred og forsoning
Fredsbygning, forsoningsprosesser, menneskerettigheter, reintegrering av tidligere barnesoldater.
Utviklingssamarbeid
Organisasjonsutvikling, styrking av det sivile samfunn, demokratiutvikling, Hiv/AIDS problematikk, menneskerettigheter.
Det flerkulturelle Norge
Det flerkulturelle samfunn, interkulturell kompetanse, profesjonalitet og yrkesutøvelse.
Undervisning og kurs
Interkulturell kommunikasjon, global forståelse, interkulturelt samarbeid, fred og forsoning, menneskerettigheter.
Geografisk region
